torsdag 2. februar 2012

Sidemålsstilen

Og så var vi i gong igjen med språkstriden. Det vert gjort framlegg om å ha ein karakter i norsk i skulen, og å ta høgde for at ein i grunnskolen har sidemål i berre to år og difor ikkje krevje like mykje av elevane her som i hovudmålet. Og dermed er krigen der. (bildet er av Knud Knudsen)

Dette gjeld ikkje berre saka om kva norskfaget i skolen skal innehalde, det gjeld òg identitet. Og da skal du ha takk. Det som kunne ha vore ei sakleg drøfting om norskfaget i skolen blir til "oss mot dei", eit vestlandsk (stort sett) mindretal mot den store hopen - som likevel blir identifisert med Oslo-eliten.

Det er mykje i norsk språkpolitikk eg ikkje forstår: ein less som om dei som ikkje skriv nynorsk til dagleg ikkje forstår det, eller omvendt. Bokmål, riksmål og nynorsk er ulike normer for å skrive norsk - ikkje ulike språk. Om du som er i offentleg teneste får eit brev på bokmål må du vel kunne svare på nynorsk? Denne regelen er noko av det raraste eg veit om. Greit nok om det er for å vere grei, men verre om ein less som om vi ikkje forstår andre målformer. Det er visst at om ein bruker denne regelen for å avgjere korleis norskopplæringa skal vere, har ein fått hele saka bak fram.

Og til sidemålsstilen: om den var ein slik strålande suksess som fekk elevar i hopetal til å skifte til nynorsk så ville eg forstå reaksjonane frå Mållaget. Men det er jo det motsette som skjer: elevar med nynorsk som hovudmål skifter til bokmål på vidaregåande i stort omfang (ned frå omtrent 13% til 6% på vidaregåande). Dagens ordning har vore ein stor fiasko sett frå nynorsken sin synsstad, men det er taparane som kjemper for den med nebb og klør (og mange nye medlemmer). Kan nokon forklare dette for meg?


Dei endringane som er foreslåtte verkar godt grunngjeve, men det viktige er kva ein gjer i staden for dei reduserte øvingane på sidemål. Det er fryktelig mykje som til ei kvar tid skal "inn i skolen", og det er viktig at ikkje dette strøymer inn i staden. Der øvingane i sidemål har ein effekt, trur eg, er i det å gjere språkbruken meir medviten.

Når det gjeld nynorskens posisjon i samfunnet, er det truleg ikkje noko som har vore verre for den enn sidemålsstilen. Eller?

1 kommentar:

Anonym sa...

Problemet med nynorsk er at det ligger for tett på bokmål, det har ingen egen profil, og dermed blir omtrent umulig å skrive korrekt.

Odd

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...