mandag 23. januar 2017

Kva kan vi gjere mot Trump?

Det er ikkje utan grunn at Trump og folka hans gjer sitt ytterste for å diskreditere den frie pressa: det er den sterkaste fienden dei har.

Og den frie pressa slit. Journalistar i hopetal vert arbeidslause, og alle typer journalistikk slit med det. Ikkje minst den typen som krever mest arbeid: langvarig graving for å avdekke kritikkverdige tilhøve. Er det nokon som minnes Bob Woodward og Carl Bernstein? Watergate?

Vi har teke pressa for gitt, men inntektene og lesarane har svikta. For å sette det på spissen, så har folk samla seg i ekko-kammer på nettet der dei velter seg i eigne fordommar. Trump og andre av det slaget lyg så det renn av dei, og manipulerer informasjonen for å legge skodde over det dei held på med. Det er ikkje utan grunn at dei har peika på media som sin store fiende.

Så kva gjer vi med det? Svaret er opplagt: ta abonnement på seriøse aviser og tidsskrift. Sølv om du ikkje les så mykje i dei - det er ei vesentlig makt mot alternative facts og annan bullshit som desse folka held seg med.

Difor vart eg seinast i dag abonnent på The Guardian, og eg har frå før Daily Telegraph, Washington Post og to norske aviser. Ikkje fordi eg les så mykje i dei at det svarer seg, men for å støtte dei som arbeider for påliteleg rapportering og avdekking av kritikkverdige tilhøve.

Put your money where your mouth is!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...